3.17

Svinglagra er lagra på toppen av fjørbeina framme, som gjer at vi kan svinge på rattet.

Dersom eit svinglager er øydelagt, vil ikkje fjøra kunne gli fram og attende, og av den grunn prøve å vri seg. Det klarer den til ein viss grad, men i den augneblinken fjøra ikkje klarer å vri seg meir, hoppar den i fjørfestet og vi høyrer ein smell. Det kan skje fleire gonger på eit rattutslag, og det gir dårlig og ujamn styring utan sjølvoppretting.

Vi kontrollerer om desse lagra er i orden ved å la bilen stå i ro og svinge frå side til side. Går dette greitt utan at vi høyrer lydar eller at hjula svingar jamt og greitt, er mest truleg alt i orden.

Hugs å alltid kontrollere desse lagra når du skiftar fjører eller støytdemparar.