Lufttrykksensoren
Lufttrykksensor. Foto: Karl A. Wikse.
Kva skjer når luftrykksensoren sviktar?
Då får vi:
Effekttap
Fusking, særleg under akselerasjon
Ujamnt tomgangsturtal
Motorlampa lyser
Kva kan årsakene til svikt vere?
Sjå etter:
Tilstoppa slangetilkoplingar av olje frå veivhusventilasjonen, eller sot
Leidningsbrot inn på sensoren
Hol på luftslange
Korleis feilsøkje på sensoren?
Avlese eventuelle feilkodar
Lese av parametermålingar og verdiar. Sjå at dei varierer slik dei skal i samsvar med tekniske data for motoren ved varierande turtal
Sjå etter fysiske feil på sensoren eller leidningsnettet.
Bruke oscilloskop for å sjå etter forstyrringar på signalet
Måle leidningsnettet mellom sensoren og ECU.