Foto: Karl A. Wikse. |
Belastningsindeksen er ein kode som står på dekket. Den viser kor mykje dekket tåler å bære. For eksempel er belastningsindeksen for dekket på biletet 89/87.
Ser vi i tabellen, som er henta frå STRO-boka, ser vi at dekket tåler ein belastning på 580 kg.
Dersom vi gangar talet med to (for to dekk på same aksel), får vi 1160 kg. Dersom akseltrykket som står i vognkortet er lågare enn 1160 kg, kan vi bruke dekket på bilen.
Biletet nedst er ein kopi av eit vognkort. Der ser du korleis lasteindeksen for bilen er ført opp i vogkortet. I dette tilfellet er det ikkje nødvendig med eit så kraftig dekk som i eksempelet over. Her held det med 85, som tillet ein belastning på 515 kg.