Det er viktig å ha sjølvjustering på bremsar for å etterjustere for slitasje av bremsebelegg. Dersom vi ikkje hadde eit slikt system, ville bremsepedalen etter kvart som belegget vart slite flytte seg stadig nærare golvet ved bremsing. For å hindre det finst det ei selvjusteringsordning både for trommel- og skivebremsar.
På trommelbremsane kan det vere eit tannhjul som skrur seg ut og forlengar staget mellom bremsebanda og på den måten hindrar at bremsestempela i hjulsylindaren går for langt attende.
Det kan også vere ein kile som glir lenger og lenger ned etter kvart som belegget blir slite. Kilen blir dregen nedover ved slitasje på bremsebelegget og hindrar at bremsebanda går meir attende enn det som er ønskjeleg.
Det finst fleire system, dette er berre eit par døme.