Innpresset er avstanden frå hjulnavet til dekket si senterlinje. Dersom vi aukar eller reduserer denne avstanden, endrar vi kor langt dekket stikk ut i hjulbogen utan å endre på dekkbreidda. Maks. toleranse her er 7,5 mm.
Kort fortalt kan vi berre endre C i illustrasjonen med maks. 7,5 mm i høve til det som står i vognkortet.
Eksempel
7’’ felg
B = 3,5’’
A = 4,5’’
C = 4,5’’ – 3,5’’ = 1’’
Innpress = 1’’ = 25,4 mm.