Elektromotoren
Motor med permanentmagnet
Seriemotor
Shuntmotor
Her er ei liste over dei tre mest vanlege elektromotortypane og eigenskapane deira:
Motor med permanentmagnet
Permanentmagnet i stator.
Motoren snur retning dersom (+) og (–) på tilførselspenninga blir bytte om.
Mykje brukt til småmotorar og blir stadig meir brukt i større motorar, for eksempel i startmotorar, pga. billegare og kraftigare magnetar.
Seriemotoren
Elektromagnet i stator, kopla i serie med rotorviklinga.
Stort dreiemoment ved låge turtal (stor straum), men dreiemomentet minkar med aukande turtal.
Tidlegare blei denne motoren brukt som startmotor.
Rotasjonsretninga endrar seg ikkje om (+) og (–) blir bytte om.
Shuntmotoren
Elektromagnet i stator, kopla i parallell med rotorviklinga.
Stabilt turtal dersom den får konstant spenning.
Typisk brukt til vifter og vindusviskarar.
Vi kan endre hastigheit ved å kople inn og ut motstandar i serie med motoren for å minke straum og spenning.
Rotasjonsretninga endrar seg ikkje om (+) og (–) blir bytte om.