Motoren er den viktigaste komponenten i ein bil. Vi mekanikarar må forstå korleis ein motor er bygd opp og kvifor dei ulike delane i motoren finst. Start med å forstå dei fire taktane, det er heilt grunnleggjande. Ta for deg skilnadene mellom bensinmotoren og dieselmotoren, og bli sikker på navna på dei ulike delane i motoren og kvifor dei finst. Motorane inneheld ingen unødvendige delar, alle har ein funksjon.
På fagprøva får du mange spørsmål, også om motoren. For eksempel kvifor vi har variable ventiltider eller ventilløft, kvifor svinghjulet veg så mykje eller kvifor vi i det heile teke treng eit svinghjul. Dette er berre nokre få eksempel på spørsmål du kan få til fagprøva. For å kunne svare på desse spørsmåla og andre spørsmål om motoren, eller du er usikker på kva funksjonar motordelane har, bør du studere læreboka og nettressursen. Det gir deg større tryggleik før fagprøva.