3.16

Løpsvinkelen er ein vinkel som ofte kjem opp på testaren heilt i starten av ein hjulstillingskontroll.

Denne vinkelen viser om framhjula og bakhjula køyrer i same retning. Viss ikkje dei gjer det, blir vi køyrande med sving på rattet.

Grunnen til at dette skjer er ofte at vi har fått sleng på bilen. Eitt av bakhjula har treft ein kant og skubba bakakselen ut av stilling.