Sensorar

I ein bil er det svært mange sensorar (følarar, givarar). Utan sensorar i motoren hadde den for eksempel ikkje «visst» kva temperatur lufta har eller kva turtal motoren har. Alle sensorane i motoren er svært viktige for å få rett blandingsforhold og størst mogeleg yting heile tida.

I læreboka kan du lese om dei fleste typane av sensorar i ein motor. Her på nettressursen kan du sjå videoar som viser korleis vi måler sensorane ved hjelp av multimeter eller oscilloskop. Uansett målemetode er det viktig å lese teknisk dokumentasjon som viser kva måleresultat vi bør komme fram til dersom alt fungerer som det skal.

Her er test og forklaring av alle sensorane på motoren:

Kjelde: YouTube, AutoZone.