Du er ute og syklar. Når du kjem til ein bakke, merkar du at du treng å gire ned slik at det blir lettare å trø opp bakken. Den effekten du har til å trø med er avgrensa. Slik er det også med ein bilmotor. Motoren har ein avgrensa effekt til rådvelde ved eit bestemt turtal. Derfor må vi skifte gir for å utnytte effekten frå motoren ved dei turtala då motoren yter mest.