Boggi med bladfjører. Her er òg støttestaga, |
Lastebilar har stive akslingar og er utstyrte med blad- eller luftfjører. To typar bladfjører er i bruk: stive bladfjører og parabelfjører.
Stive bladfjører er sette saman av fleire fjørblad, stabla i høgda. Det øvste fjørbladet kan vere festa i ramma i framkant og glidande opphengt i bakkant. Eller det kan vere glidane opphengt i begge endar. I det siste tilfellet blir akselen helden på plass av kraftige stag. Fjørblada er kortare og mindre krumme di lenger ned i stabelen dei ligg. Når bilen ikkje er lasta, er det berre dei øvste fjørblada som tek opp vekta av bilen. Når bilen er lasta, blir fjørene bøygde ned og dei underliggande kortare fjørblada kjem i kontakt med dei over, slik at fjørene blir stivare di meir samantrykte dei er. Ein annan måte å oppnå det same på er å dela fjørene i hovud- og eg hjelpefjører. Hjelpefjørene kjem fyrst i kontakt med ein utstikkande brakett på ramma når bilen er lasta. Denne ulineærskapen gjer at høgda på bilen ikkje endrar seg alt for mykje når den er tungt lasta. På grunn av den ulike krumminga vil fjørblada gli mot kvarandre på ujamt underlag og friksjonen vil gi demping slik at det ikkje er naudsynt med separate støytdemparar. Stive bladfjører er robuste og driftssikre og blir nytta på bilar som går på dårleg underlag, for eksempel dumperbilar og tømmerbilar. Med dei er ikkje like komfortable som parabelfjører og luftfjøring.
Fjørblada i parabelfjører er tjukkast midt på og har kontakt med kvarandre berre på midten. Dei har difor ikkje friksjonsdemping som stive bladfjører og det er naudsynt å nytta separate støytdemparar. Føremona med parabelfjører er at dei gir ei mjukare og meir komfortabel fjøring enn stive bladfjører.
Luftfjører har kraftige trykkluftbelgar som ber vekta av bilen og høgda på bilen kan difor haldast konstant, uavhengig av lasta, ved å regulera lufttrykket i belgane. Ei anna føremon er at bilen kan hevast og senkast ved å endra lufttrykket i belgane, noko som er svært nyttig for eksempel ved tilkopling av semitrailer og vekselplan, eller for å tilpassa høgda til lasterampar slik at ein kan nytta gaffeltruck. Ei anna føremon er at aksellasta kan avlesast (den er proporsjonal med lufttrykket) på eit manometer i førarhytta. Luftfjøring gir ei mjukare og meir behageleg fjøring enn bladfjører og blir meir og meir utbreidd, spesielt på trekkvogner og bilar med trippelboggi.
Høgbygde lastebilar og tilhengarar har ofte krengingsstabilisatorar for å redusera faren for at bilen legg seg over og veltar i svingane.
Kjelde: Wikipedia.