Diodar

Diodar blir brukte til å styre straumen i ei bestemt retning slik som vist i figuren til venstre nedanfor. Pila viser kva veg straumen kan gå. I figuren til høgre har pluss og minus bytt plass. Då lyser ikkje lampa fordi dioden sperrar for straumen.

Diodane finst i fleire storleikar og med ulike kapasitetar, for eksempel frå små dioder på 1 W til større diodar på 25 W.

I ein generator er det mange diodar. Der fungerer dei som likerettarar og gjer vekselspenning om til likespenning.

Diode.jpg

 

Zenerdiode

Zenerdiode.jpg
Zenerdiode.

Det finst også diodar som ved e bestemt spenning kan opnast begge vegar, også i sperreretninga. Dei kallar vi zenerdiodar. Elles fungerer dei på akkurat same måten som ein vanleg diode. Symbolet viser korleis ein zenerdiode ser ut i et koplingsskjema.

 

Lysdiode (LED)

Lysdiode.jpg

Symbol for lysdiode i eit koplingsskjema (nedst).
Korleis vi kan sjå skilnad på + og – (øvst).

Den nyaste vanlege dioden er lysdioden. Den har eit symbol som vist på figuren nedanfor, og blir brukt som «lyspærer», også kalla ledlys. Dei fungerer også som diodar, men har den eigenskapen at dei gir frå seg lys sjølv om svært lite straum går gjennom dei.

Ver nøye med korleis du koplar lysdiodane til + og –. Koplar du dei feil éin gong, blir dei øydelagde.

Når vi lar straum gå igjennom ein lysdiode, skjer det ein kjemisk reaksjon i dioden som gir frå seg lys. Reaksjonen krev svært lite straum og avgir lite varme. I tillegg varer diodane svært mykje lenger enn tradisjonelle lyspærer. Derfor er lysdiodar mykje brukt på nye bilar, også i hovudlys.

Viktig: Svært få diodar tåler at polariteten blir bytt om. Ver derfor svært nøye med tilkopling av + og –.

 

Denne filmen viser korleis ein lysdiode verkar.

Kjelde: YouTube, ntm787.