Vi ser at dette er parallellkopla lys. Begge får straum frå felles straumkjelde og leidningsnett mesteparten av vegen. Vi kjenner spenninga og effekten, og derfor bruker vi effektformelen: P=U*I
Vi «snur» formelen slik at I kjem på venstre side av likskapsteiknet: I=P/U
Altså: I = P/U = (21*2)/12 = 3,5 A.
For å finne effekten P, må vi gange 21 W med 2 fordi det er to lys som bruker same leidningsnett og sikring. Deretter deler vi på spenninga (12 V) for å finne straumen, som altså blir 3,5 A.
Då veit vi at straumen i kretsen er på 3,5 A, og vi vel ein sikring som er større enn dette, men ikkje større enn den neste på lista, som er 5 A. Vel vi for stor sikring, ryk den ikkje ved overbelastning. Då er det gjerne noko anna som gir seg, for eksempel leidningar.
Leidningskvadratet (kor tjukk leidningen skal vere) finn vi ved å sjå i tabell, for eksempel side 167 i læreboka. Vi finn straumen til venstre, set ein prikk ved 3,5 A og set ein ny prikk ved kabellengde 3 meter heilt til høgre i tabellen. Deretter drar vi ein strek mellom punkta og finn leidningskvadratet i den midtarste kolonna, som i dette tilfellet blir knappe 0,75 mm2. Vi rundar alltid oppover når vi havnar mellom to alternative storleikar.