Dårleg trekkraft eller at motoren stoppar, særleg under belastning
Trekkrafta forsvinn. Vi må gire ned utan at det hjelper
Motorlampa kan lyse
Årsaker til feil:
Bensin- eller dieselfilteret er delvis tett
Bensinpumpa klarer ikkje å levere nok
Skade på drivstoffrøyr
Det lek drivstoff frå tank til motor
Feil på drivstofftrykket, særleg på commonrail diesel, kan også komme av innvendig lekkasje på dyser. Trykket må vere over ein spesiell verdi for å få start på bilen
Korleis feilsøkje:
Sjå i servicehistorikken når sist service med skifte av drivstoffilter var oppført
Mål drivstofftrykket (bensin)
Dersom vi skal måle drivstofftrykket på diesel, bruker vi spesialutstyr eller diagnoseutstyr