nb_NO

Sikkerheitssystem

Kva finst av sikkerheitssystem, og kva legg vi i omgrepet sikkerheitssystem?

Når vi køyrer bil, er vi omgitt av to typar sikkerheitssystem: aktive og passive sikkerheitssystem.

Sikkerhet 1.jpg
Slita frontrute er eit sikkerheitsproblem.
Klar frontrute kan hindre ulykker.
Foto: Trond Soldal.

Aktive sikkerheitssystem

Aktive sikkerheitssystem er utstyr eller konstruksjonar som skal førebygge ulykker. Det kan for eksempel vere

  • ABS-bremsar
  • ESP (elektronisk stabilitetsprogram)
  • trafikktilpassa cruisekontroll (fartshaldar)
  • nødbremsassistanse
  • filhaldar
  • og liknande

Dette er system som skal hindre at ulykker oppstår.

Sikkerhet 2.jpg
Sikkerheitssele og barnesete er eksempel på
passive sikkerheitssystem.
Foto: Reno12 | istockphoto.com.

Passive sikkerheitssystem

Passive sikkerheitssystem er utstyr eller konstruksjonar som skal verne ved ulykker. Det er for eksempel

  • sikkerheitsselar
  • sikkerheitskupé
  • støtabsorberende rattstamme
  • airbag
  • og liknande

Det er utstyr som skal verne oss når ulykka først har skjedd.

 

Sikkerhet 3.jpg
Airbag er eit anna eksempel på
passivt sikkerheitssystem.
Foto: ScandinavianStockPhoto, Maksim Toome.

Når vi køyrer rundt i bil, vil vi føle oss trygge. Vi vil ikkje køyre med en bil som kjennest usikker. Vi må kunne føle oss sikre på at rett person har det tekniske vedlikehaldet på bilen og at vedkommande har gjort ein god jobb.

Du bør vere en mekanikar som ikkje berre er ein «deleskiftar», vi treng mekanikarar som kan tenkje sjølv og gjere sine vurderingar. Har du for eksempel fått i oppdrag å byte ei fjør framme, bør du samstundes sjå etter om dei andre delane i hjulopphenget er i orden. Dersom kunden får igjen bilen og det etter kort kjøring ryk noko anna i hjulopphenget, får ikke du som mekaniker noko «stjerne i boka» av kunden. Heller ikkje verkstaden du jobber på får «ei høg stjerne» på denne måten. På lang sikt kan verkstaden miste kundar på at du ikkje var ansvarsmedviten nok då du utførte arbeidet på bilen.

Finn du noe galt med ein bil, så gi melding om det. Aktiv sikkerheit er også at bilen får rett behandling av mekanikar. Hvis for eksempel dekka er utslitne, vil ikkje bilen vere like god på vegen som med nye dekk. Det er aktiv sikkerheit å hindre i størst mogeleg grad at ei ulykke oppstår.

Dei aller fleste delane i sikkerheitssystema SKAL kalibrerast/kodast dersom delar er bytte ut eller demonterte. Dersom ikkje det blir gjort, vil systemet ikkje fungere slik det skal og uhell kan oppstå pga. at du ikkje har gjort ferdig jobben.

I tillegg til at bileigarane skal kunne køyre i sikre køyretøy, må du også tenkje på din eigen sikkerheit under arbeidet (HMS). Hvis du for eksempel skal demontere ein airbag eller beltestrammar, er det viktig at du tar forholdsreglar når du jobbar. I slike tilfelle jobbar du med sprengstoff med stor sprengkraft. Då SKAL batteriet koplast ut og du skal vente ca. 10 minutt før du demonterer elektriske leidningar. Hvis ikkje, kan airbagen løyse seg ut medan du har fingrane på baksida av den.

Eksempel
Ein mekanikar skulle skifte ein sikkerheitssele framme. Vedkommande såg ingen leidningar, så ho skrudde laus og kasta sikkerheitsselen ut på verkstadgolvet. Då smalt det og selen stramma seg inn. Det viste seg å vere beltestrammar på bilen, som ikkje blei utløyst av ein elektrisk impuls, men av slag. Tenk om mekanikaren under demontering hadde fikla med selen då den løyste seg ut.

Svært ofte er orange leidningar anten signalleidningar til beltestrammarar eller airbagar, eller straumleidningar til batteria på elbil/hybridbil. På elbil/hybridbil er leidningane tjukkare enn på andre bilar, men ver likevel varsam. Ikkje rør noko dersom du ikkje veit kva du gjer. Vi har ikkje lov å arbeide på elbil/hybridbil utan nødvendige papir for å skru på desse bilane.

Ha respekt ved arbeid på sikkerheitssystem i bil.

Her kan du lese om tenåring som blei skada då airbagen løyste seg ut.