1 Drivverket
Delane i eit clutchsystem. Foto: Karl A. Wikse. |
Bilen må ha clutch (kopling) for at vi skal kunne kople inn motoren ved start og kople ut motoren når vi skifter gir eller når vi står i kø eller ventar på grønt lys.
Clutchen er sett saman av tre hovudkomponentar:
- Lamellplata, som er festa på den inngåande akslingen på girkassa. Det er den som har friksjonsmaterialet og som oftest blir sliten.
- Trykkplata, som er skrudd fast til svinghjulet.
- Den siste komponenten er utløysarlageret.
Utløysarlageret er festa på clutchgaffelen, som er ein «arm» som kan flytte utløysarlageret mot trykkplata. Det skjer anten ved hjelp av hydraulisk kraft eller ved hjelp av ein wire. Er det hydraulisk overføring, står det ein hovudsylinder ved clutchpedalen som overfører ei hydraulisk kraft gjennom slangar og røyr til «slavesylinderen». «Slavesylinderen» kan stå på utsida av clutchhuset og overføre kraft til utløysarlageret ved hjelp av clutcharmen. (Slavesylinderen fungerer om lag på same måten som ein enkeltverkande hjulsylinder.) Eller «slavesylinderen» er montert inne i clutchhuset og er ein del av utløysarlageret.
I tilfelle wireoverføring har vi ein wire som er festa mellom clutchpedalen og utløysargaffelen. Den kan enten vere utan noko form for justering eller med sjølvjustering. Dersom wiren er utan sjølvjustering som justerer for slitasje på lamellplata eller strekk i wiren, er det viktig å syte for at det er e lita klaring på clutchpedalen for å hindre at utløysarlageret ligg i kontakt med trykkplata heile tida.
Med sjølvjustering, som er mest vanleg i dag, justerer wiren sjølv for all slitasje som oppstår på lamellen. Det fungerer heilt glimrande, men ikkje alle mekanikarar skjøner koreis dei skal «nullstille» wiren når dei byter clutch. Det finst mange løysingar på korleis vi nullstiller wiren, så vi må setje oss inn i korleis det skal gjerast i kvart enkelt tilfelle.
Nedanfor er det filmar som viser dobbeltclutch og korleis ein vanleg standard clutch verkar.
Feil som kan oppstå på clutchsystemet
Ein feil som kan oppstå på sjølvjustert clutchwire er at sjølvjusteringa har innvendige tenner som blir slitne slik at tennene glippar og clutchpedalen går heilt ned utan at clutchen blir aktivisert.
Problem med hydraulisk overføring er som oftast at ein aldri skiftar bremsevæska som er brukt i systemet, og det kan skape problem over tid. Det kan føre til rustdanning i sylindrane, rusta riv pakningar som igjen skapar lekkasjar, anten væske ut eller luft inn. I begge tilfelle går clutchpedalen heilt ned.
Ulande lagerlyd som endrar seg når vi aktiviserer clutchpedalen sjølv om bilen står i ro, kan komme av at utløysarlageret er øydelagt. Det kan også vare lageret på inngåande aksling på girkassen som er øydelagt, men som oftast er det utløysarlageret som er øydelagt. I begge tilfella må vi ta ned girkassa for å undersøkje nærare.
Vi kan kontrollere kor sliten ein clutch er ved å la bilen stå i ro med handbremsen på. Vi set girkassa i det høgaste giret, for eksempel i femte gir, og aukar turtalet til kring 2000–2500 omdreiningar og løser gradvis ut clutchen samtidig som vi gir gass for å registrere om motoren blir kvelt eller om turtallet held seg høgt. Er lamellen utsliten, blir ikke motoren kvelt. Vi kan få den same effekten ved å køyre i for eksempel tredje gir opp ein bakke og gi full gass. Dersom clutchen er sliten, aukar turtalet, men ikkje farten.
Er clutchen øydelagd, kan det også vere problem med å gire. Då løyser ikkje clutchen skikkeleg ut og vi får skraping når vi girar.
Ein delvis sliten clutch merkar vi ved at clutchpedalen kan vere tyngre å trykkje inn enn når clutchen er ny.
I nokre tilfelle «eksploderer» lamellen, som oftest skjer det ved overbelasting ol. Då er vi ikkje i tvil om kva som er gale pga. mykje ulydar og ingen clutcheffekt.
Feil som kan oppstå på manuell girkasse
Det er mange feil som kan oppstå, men her er nokre av de mest vanlege.
- Skraping i gir pga. øydelagd clutch.
- Skraping i gir pga. utsliten synkronring. Det kan oppstå pga. feil girolje på girkassen. Fyller vi feil girolje, kan metallet i synkronringen tærast opp sjølv utan at girkassen er i bruk.
- Lagerlydar frå girkassen kan også komme av feil olje, dårleg olje eller vanleg slitasje. Alt etter kva lager det gjeld kan det øydelagde lageret lokaliserast anten på tomgang eller i fart i nokre gir. Vi må lytte med lytteutstyr for å vere helt sikre på at feilen ligg inne i girkassen. Det er synd om vi skifter lager i girkassen og det viser seg å være eit lager på drivakselen som er årsaka.
- Bilen «hoppar» ut av gir. Årsaka kan vere
dårlege motorfeste
giroverføringar
feil ved sjølve girkassa - Det første vi gjer ved feilsøking på ei girkasse er å kontrollere girolja, både med tanke på kvalitet, om det er synleg spon ol. og mengda olje. Mykje kan reddast ved å kontrollere olja og skifte til ny olje. Ikkje bruk kva som helst olje, kontroller opp mot tekniske data i kvart enkelt tilfelle. Mange girkassar har spesielle måtar å kontrollere oljenivået. Kontroller tekniske data før du utfører kontrollen.
- Sprengt girkasse. Føraren har for eksempel rygga med full last i stor hastigheit, for å så «hive» bilen i første gir og spinne framover. Det kan få girkassen til å gå i knas. Ikkje første gongen nødvendigvis, men ...
Feil med automatgirkassar
På automatgirkassar er det nokre feil som går att. Oftast er det pga. feil olje eller urein olje.
- For lite eller for mykje olje kan skape problem for giringa. Bilen girar ikkje slik den skal. Mange girkassar har spesielle måtar å kontrollere oljenivået. Kontroller tekniske data før du utfører kontrollen.
- Brent olje. Olja luktar brent. Giret går kanskje ikkje i revers. «Clutchane» er brende og det gir lukt i olja. Det kan i nokre tilfelle hjelpe å reinse girkassa ved å skifte olje. Ved «gjennomspyling» koplar vi til eit apparat som spylar gjennom ny olje. Då får vi skifta ut en mykje større oljemengd enn med vanleg avtapping. Husk å reinse eller skifte filteret på girkassa.
- Andre vanlege feil kan vere:
Feil ved ventilhus, ofte pga. feil eller dårleg olje.
Feil ved konvertar, for eksempel lekkasje.
Mekaniske feil ved girkassa
Sjå videoane som viser korleis ein clutch verkar.
Etterpå kan du svare på oppgåvene om clutch.
Kjelde: YouTube, Thomas Schwenke.
Kjelde: YouTube, HoeStuffWorks.