3 Hjul, hjuloppheng og styresystem
Foto: Wikimedia Commons. |
Fjørene vil heile tida prøve å halde på si opphavelege form. Men når bilen køyrer på eit ujamnt underlag, blir fjørene pressa saman og utvider seg heile tida. Dersom det ikkje er noko som avgrensar svingingane i fjørene, vil bilen hoppe og sprette bortover vegen og kan vere vanskeleg å få kontroll over. Derfor monterer ein støytdemparar på alle fire hjula.
Støytdemparar finst i mange variantar. Vi deler dei inn i hovudkategoriar:
- Oljefylte støytdemparar.
- Gassfylte støytdemparar.
Dei kan vere enkeltverkande (dempar berre svinginga éin veg) eller dobbeltverkande. I tillegg finst det demparar med elektrisk styring. Støytdemparen kan også vere utstyrt med elektronisk regulering. Slike støytdemparar har elektronisk styrte ventilar som styrer dempinga. Styreeininga som regulerer verknaden av støytdemparen får signal frå andre styreeiningar via canbus-systemet. Ved hjelp av ein brytar inne i bilen, for eksempel en sokalla sportsknapp, kan vi bestemme kor mykje demparane skal dempe. Det finst også støytdemparar med nivåregulering. Då kan vi justere høgda på bilen, enten manuelt eller automatisk. Det er nyttig når vi har tung last over bakakslingen.
Demparane verkar ved at den eine delen er festa til nedre bærearm og den andre delen er festa til karosseriet. På biletet til høgre ser vi at det på den eine delen er festa eit stempel i enden med nokre små hol i. Når stempelet rører seg, må det flytte seg gjennom væska eller gassen som demparane er fylt med. Då må olja pressast gjennom dei små hola i stempelet. Det avgrensar hastigheiten på stempelet, og rørsla blir dermed dempa.
Eittrøyrs teleskopstøytdempar består av ein arbeidssylinder og eit stempel med ventilar. I botnen av arbeidssylinderen er det gass under trykk. Mellom gassen og olja sit det eit skiljestempel. Trykket er det same på olja som i gassen, og stempelet blir pressa oppover fordi oversida av stempelet har mindre areal enn undersida på grunn av stempelstonga. Fordelen med denne konstruksjonen er at støytdemparen kan lagast lang og slank.
Torøyrs teleskopstøytdempar består av to sylinderar, der arbeidssylinderen står inne i utjamningssylinderen. Arbeidsstempelet med ventilane har dempeeigenskapane for støytdemparen.
I botnen av arbeidssylinderen er det botnventilar som etterfyller arbeidssylinderen med olje under bruk. Støytdemparen har gass under trykk. Gassen er i utjamningssylinderen. Demparen kan berre monterast ståande på grunn av gassen. Før vi monterer nye støytdemparar på bilen, må vi dra demparen heilt ut og trykkje han heilt saman for å få gassen på rett plass.
Fordelane med torøyrs støytdemparar er nøyaktig dempefunksjon, rimeleg produksjon og lang levetid.
Eittrøyrs- (t.v.) og torøyrs- (t.h.) teleskopstøytdemparar. 1) Olje 2) Gass 3) Skiljestempel. |