2 Bremsar
Foto: Karl A. Wikse. |
Bremsekraftforsterkaren skal hjelpe oss å presse inn bremsepedalen. Den reduserer krafta vi må bruke for å trø inn bremsepedalen.
Den vanlegaste feilen på bremsekraftforsterkaren er feil med vakuumet. På bensindrivne bilar er det ein vakuumslange frå innsuget til bremsekraftforsterkaren som lagar dette vakuumet. På dieseldrivne bilar og bensinbilar med turbo er det ei vakuumpumpe som lagar vakuumet fordi dasse motorane ikkje lagar noko vakuum i innsuget. Vanlege feil ved desse to systema er hol på vakuumslangar eller defekt vakuumpumpe. Først når vakuumet er kontrollert og er i orden, er det grunn til å mistenkje at det er feil i sjølve bremsekraftforsterkaren.
Inne i bremsekraftforsterkaren er det ein membran som deler bremsekraftforsterkaren i to. Den eine sida, nærast bremsepedalen, har atmosfærisk trykk, medan den andre sida, nærast hovudsylinderen, har vakuum ved bremsing. Denne trykkskilnaden hjelper å trykkje inn bremsepedalen sidan membranen er festa til staget som går frå bremsepedalen til hovudsylinderen.
Det er meir og meir vanleg med elektrisk styrte bremsekraftforsterkarar. Dei tar mindre plass og er lettare å justere presist enn vanlege vakuumstyrte bremseforsterkarar. I tillegg fungerer dei i to steg. Det første steget arbeider med ei bremsekraftforsterking ved bremsetrykk opp til ca. 45 bar (normal bremsing). Når vi trør bremsepedalen inn med større kraft, aukar bremsekraftforsterkinga om lag ti gonger.
For føraren betyr det rask og effektiv bremsereaksjon ved normal bremsing og kjensla av ekstra effektive bremsar heilt opp til maks. trykk når ABS-systemet startar reguleringa.
Filmen viser korleis bremsekraftforsterkaren verkar:
Kjelde: YouTube, Auto Tech Lab.