nb_NO

2 Bremsar

Verkemåte

Brems.jpg
Trommelbrems. Foto: Karl A. Wikse.

Når vi trykkjer på bremsepedalen, flytter bremsevæska seg gjennom bremserøyr og slangar til hjula. Bremserøyret er festa til bremsesylinderen slik at bremsevæska blir pressa ut mellom stempla og pressar dei ut kvar sin veg. Derfor kallar vi det ein dobbeltverkende bremsesylinder. Endane av stempla, som vi skimtar på biletet, pressar bremsebanda eller bremseskoa ut mot bremsetrommelen. Då oppstår det ein friksjon som er stor nok til å bremse hjulet slik at bilen stoppar.

Svært ofte er det eine bremsebandet mykje meir slite enn det andre. Den fremste bremseskoen på kvar side blir kalla primærbremseskoen fordi den gir mest bremseeffekt. Vi ser på biletet og tenkjer oss at den viser bremsane bak på venstre side. Når vi trykkjer på bremsen, pressar bremsesylinderen bremsebandet (1) ut mot bremsetrommelen. Og sidan bremsetrommelen roterer mot klokka på biletet, drar den med seg bremsebandet, og vi får sjølvpåtrekk på primærbremsebandet (1). Bremseverknaden på dette bremsebandet er mykje kraftigare enn på sekundærbremsebandet (2), som blir utsett for den motsette effekten. Hjulrotasjonen pressar bremsesylinderstempelet inn att når vi bremsar fordi trommelen skubbar bremsebandet (2) attende av rotasjonen. Sjølvpåtrekk finn vi berre i trommelbremsar, skivebremsar har ikkje denne eigenskapen.

 

Filmane viser korleis trommelbremsane verkar:

 

Kjelde: YouTube, Automotive Basics.

 

Kjelde: YouTube, Automotive Basics.