nb_NO

2 Bremsar

På så å seie alle nyare bilar finn vi ABS (blokkeringsfrie bremsar). Det gir redusert bremsestrekning, og vi kan styre bilen sjølv om vi bremsar maksimalt. Korleis ABS-systemet verkar ser vi i filmane nedanfor. Kort fortalt registrerer ABS-computeren farten på alle hjula ved hjelp av induktive givarar eller hallgivarar på alle hjulnava, og aukar eller reduserer bremsetrykket til alle fire hjula for å få maksimal bremseeffekt utan at nokon av hjula låser seg. Dersom eitt eller fleire hjul låser seg, mister vi kontrollen over styringa, friksjonen til underlaget minkar og bremsestrekninga aukar.

Det er viktig å ikkje la bremsesystemet gå tom for bremsevæske, for eksempel ved byte av bremsecaliper. Dersom systemet får for mykje luft kan det vere vanskeleg å få ut lufta. I mange tilfelle må vi då bruke diagnosetestar for å lufte bremsane.

Her er to filmar som viser fordelen med ABS-bremsar, samanlikna med tradisjonelle bremsar.

 

Kjelde: YouTube, Bosch Kjelde: YouTube, Jules_Drives