nb_NO

2 Bremsar

Lastventil.JPG
Lasteventil. Foto: Karl A. Wikse.

Vi har lasteventil for å justere trykket til bakhjula etter last over bakaksel. Bremsefordelinga mellom framhjula og bakhjula er ikkje 50/50, men ca. 70 % på framhjula og resten på bakhjula. Grunnen er at vekta over bakhjula er mykje mindre enn over framhjula. I tillegg mister bakhjula ein god del av den vekta dei har ved oppbremsing fordi vekta kjem nærare fronten på bilen under bremsing pga. fysiske lover.

Køyrer vi på glatt veg og drar hardt i handbremsen, kan vi få sleng på bilen. Det same skjer dersom bremsekrafta til bakakselen er for stor. Derfor finst det ein lasteventil som tilpassar trykket til bakbremsane etter vekta på bakakselen. Trykket til bakbremsane aukar når lasta over bakakselen aukar.

Ventilen har ein sylinder med kanalar til bakhjula og til hovudsylinderen. Stempelet som glir inne i sylinderen opnar eller stengjer for at bremsevæska kan flytte seg frå hovudsylinderen til bakbremsane, alt etter posisjonen til stempelet. Stempelet har fysisk kontakt med eit stag som er festa til bakakselen. Ved varierende last over bakakselen flyttar stempelet seg i sylinderen til lasteventilen.

Det er stadig færre bilar som er utstyrte med lasteventil fordi fleire og fleire bilar har ABS-bremsar. I bilar med ABS-bremsar er det ABS-styreininga som står for kraftfordelinga.

Ein feil som går igjen på lasteventilane er at rørlege delar rustar fast slik at for eksempel armen (1) ikkje kan røre seg og presse inn stempelet inne i ventilen. Stempelet frigjer eller stenger for bremsevæska ut til bakhjula via kanaler som blir opna eller stengde ved forflytting av stempelet som blir pressa inn ved hjelp av armen (1).

Armen (1) er festa ved hjelp av ei fjær/stag til bakhjulsopphenget. Ved ekstra vekt over bakakselen blir den flytta slik at meir bremsetrykk blir overført til bakhjulsbremsane.