nb_NO

2 Bremsar

Verkemåte

Bremsecaliper.jpg
Bremsecaliper. Foto: Karl A. Wikse.

Det same trykket som oppstår inne i hovudsylinderen, og som får bremsevæska til å flytte seg ut igjennom bremserøyr og bremseslangar, påverkar stempelet i bremsecaliperen. Stempelet blir pressa ut og pressar bremseklossen mot bremseskiva. Ser vi på bremsecaliperen, ser vi at det berre er eitt bremsestempel, men to bremseklossar. Kva er det som pressar den andre klossen mot bremseskiva?

På biletet er det to gummibelgar som beskyttar to glidarar. Når stempelet blir pressa ut, må noko gi etter fordi klossen er pressa mot skiva. Då blir glidarane trekte ut og klossen på andre sida av skiva blir pressa mot skiva. Dessverre blir det alt for ofte slurva med å kontrollere dette på servicekontroll. Vi må alltid kontrollere at glidarane glir som dei skal. Dersom ein av dei går tregt eller står fast, kjem ikkje klossen seg bort frå skiven når presset på bremsepedalen avtar.

I trommelbremsar er det fjører som får bremsebanda til å trekkje seg bort frå bremsetrommelen. Slik er det ikkje på skivebremsesystemet. Her er det pakninga rundt bremsestempelet som har ein slik fasong at den trekkjer seg litt attende når trykket avtar. Pakninga vrir seg når stempelet blir pressa ut. Den prøver å få attende den opphavelege fasongen. Det er altså ikkje kast i bremseskiva eller fjører som skapar avstand mellom skiver og klossar. Det er ein enkel pakning. Derfor er det svært viktig at alt glir lett. Hvis ikke, mister bremsene effekt.