nb_NO

4 Motor og motorsystem

Veivaksling_kamaksling_nyn.jpg
Foto: Karl A.Wikse.

Stempla i motoren har direkte kontakt med veivakslingen via råda/stempelstengene. Fordi desse er kopla til veiven utanfor senter, slik som pedalene på sykkelen din, blir veivakslingen dreia rundt av krafta frå stempla når dei er i forbrenningstakten. Stempla er ikkje alltid i forbrenningstakten, så ei av oppgåvene til veibakslingen er å dra eller skubbe stempla opp og ned i sylindrane når dei ikkje er i forbrenningstakten.

Veivakselen skal også dra rundt kamakselen(kamakslane) ved hjelp av registeret. Dersom samkøyringa her blir éi tann feil, opnar eller lukkar ventilar seg litt for tidleg eller seint. Då får motoren dårlegare effekt.

På biletet ser vi at drevet på veivakselen, som driv kamakselen rundt, er mindre enn dreva på kamakselen. Det er berre halvparten så stort. Dette fordi ventilane skal opne berre éin gong per omdreiing, medan veivakselen skal gjere to omdreiingar for å ferdigstille alle fire taktane.

Kamakselen (kamakslane) har som oppgåve å opne og lukke ventilane når dei blir vridde rundt.