4 Motor og motorsystem
Det hender at toppakningen kan ryke. Kva vil det seie, og korleis kan vi kontrollere den og stille ein sikker diagnose? Det er mykje arbeid og kostbart å byte toppakning berre på grunnlag av mistanke.
Toppakningen skal først og fremst tette mellom motorblokka og topploket. Den skal tette for kjølevæske, olje og kompresjons-/forbrenningstrykk slik at dette blir verande på rett stad og ikkje blandar seg med kvarandre eller lek ut frå motoren. Dersom det skjer, seier vi at toppakningen har roke. Den kan leke fleire stader, og det kan også vere sprekk i toppen som kan gi tilsvarande resultat og symptom.
Symptom
- Mykje kvit røyk kjem ut eksosanlegget
- Bilen blir varm og brukar vatn
Feilsøkjing
Kjemitest. Foto: Karl A. Wikse. |
Desse symptoma kan gi mistanke om lekkasje mellom forbrenningskammeret og kjølesystemet. Dersom motoren brukar kjølevatn blir eksosen kvit, og det forsvinn vatn utan synlege spor.
Testar vi kan utføre:
- Sylinderlekkasjetest. Sjå om det boblar i radiator eller ekspansjonstank.
- Kjemitest. Ein enkel test der testvæske skiftar farge dersom pakningen er defekt.
- Firegassmåling. Avlese om HC er for høg.