nb_NO

4 Motor og motorsystem

Eit evaporasjonssystem, eller canister som mange kallar det, er eit system som skal bruke opp igjen den bensindampen som oppstår når bensintanken blir rista under køyring eller blir oppvarma av sola. For å unngå for høgt trykk i bensintanken, blir noko av bensindampen slept inn i innsuget å forbrenne. Vi kan ikkje sleppe dampen rett ut i atmosfæren fordi den er miljøskadeleg, og dessutan ville det vere sløsing fordi det nettopp er bensindamp motoren går på.

Denne filmen viser korleis evaporsjonssystemet verkar:

Kjelde: YouTube.