nb_NO

4 Motor og motorsystem

Dieselbilar blei svært populære i Noreg for nokre år sidan fordi styresmaktene reduserte avgiftene på dieselmotorar. Det som gjorde valet enklare for kundane å velje dieselbilar, var at common rail-motoren var på marknaden. Den var i mange tilfelle sprekare enn bensinmotorane og alle brukte mindre drivstoff enn en tilsvarende bensinmotorar på same type bil. Dei lagde også mindre støy enn tidligare dieselmotorar gjorde.

I læreboka og her på nettressursen finn du tekst og videoar som forklarar korleis common rail verkar og korleis vi kan utføre ulike testar. Feilsøking er ikkje så veldig ulikt frå feilsøking på bensinmotorar, men vi må ha teknisk dokumentasjon som syner kva verdiar vi må vente å få og prosedyrar på korleis  feilsøkinga blir gjort.

Denne filmen viser korleis common rail frå Bosch verkar.

Denne filmen viser korleis ei pizoelektrisk dyse verkar:

Kjelde: YouTube, ADPTraining.