nb_NO

4 Motor og motorsystem

Du har sikkert utført opptil fleire registerreimskift, og veit korleis du skal gjere det. Du har sikkert også gjort nokre feil i starten, men unngår dei fleste av dei no. Kva har du funne ut er viktigast?

Arbeidsforklaringane som ligg ute på Autodata, Tolerance AS eller på nettsidene til ditt bilmerke er gode hjelpemiddel. Det er svært viktig å følgje desse arbeidsforklaringane. Det er sikkert nokon som ikkje følgjer forklaringane, men som skifter registerreim berre ut frå erfaring. Sjølv om det oftast går bra og erfarne maknikarar gjerne har få reklamasjonar, bør du ikkje lære deg den uvanen. Det er mange feller å gå i, og det kan bli svært kostbart dersom noko går galt. I tillegg krevst det meir og meir dokumentasjon over kva vi gjer og ikkje gjer i samband med ein reparasjon, både i forhold til verkstaden, importøren og når du skal opp til fagprøva. Du må lære å gjere alt rett frå første dag.

Dokumentasjon er eitt av de kriteria sensorane til fagprøva legg stor vekt på. Har du ikkje dokumentasjonen i orden og følgjer den, risikerer du å stryke til prøva.

Eksempel:

Ein motor kom inn til reparasjon med ny innfesting av reimhjulet sin senterbolt på veivakselen, utan at det var synleg ved demontering dersom vi ikkje studerte delane svært nøye. Reimhjulet på veiven mangla sporkilen som den hadde tidligare. Tidligare hadde tiltrekkingsmomentet på same bolt vore 90 Nm, medan no var det auka til 160 Nm. Den skulle trekkjast til med mutterlåsing. Det var ikkje gjort i dette tilfellet fordi mekanikaren ikke følgde arbeidsforklaringa for den aktuelle bilen, men brukte noko han hadde liggjande. Resultatet blei at bolten skrudde seg ut og motoren havarerte.

Derfor:

Finn alltid arbeidsforklaring til den bilen du jobbar med, ikkje ta sjansar.

Som oftast er det berre ventilane som ryk. Det er ille nok, men skaden kan lett bli mykje større.

Eksempel:

Det finst også eksempel på at skada boltar er bytte ut med nye. Det er greit dersom dei er bytte ut med boltar av same type og styrke, men det er dessverre ikkje alltid tilfelle.

8-8-skrue.jpg
8.8-boltar tåler mindre enn 10.9-boltar. Foto: Karl A. Wikse.

Dersom vi byter ut skruer som held stramme- eller løpehjul på registeret, er dei ofte merka 10.9. Det står for strekkfastleiken til bolten, og betyr at den tåler 90 % av 1000 Nm før den får varig deformasjon. En 8.8-bolt tåler 80 % av 800 Nm. Den tåler altså mykje mindre enn ein 10.9-bolt. Derfor må vi ikkje byte boltar utan å sjå etter at dei nye boltane a tåler like mykje som dei gamle.

Husk også momentet. Skrur vi til for mye, svekker vi bolten ekstra mye. Dette med bytte bolter gjelder over alt på bilen, særlig i hjuloppheng.

 

På dei neste sidene finn du eit eksempel på skifte av registerreim (Citroen C5 II).

Dette er berre eit eksempel, og skal ikkje brukast som arbeidsforklaring ved skifte av registerreim.