4 Motor og motorsystem
Innvendig lekkasje på dieseltrykkdyser er eit problem i mange motorar. Diesel pressar seg forbi og over i returløpet i dysa. Resultatet er at dieseltrykket fell og motoren ikkje kan startast. Mange motorar krev eit trykk på 150–250 bar for å starte. Er den innvendige lekkasjen i dysene for stor, klarar ikkje motoren å få høgt nok trykk til å sprøyte nok diesel inn i sylindaren for å starte.
Viktig!
Før du startar testen av dysene må du lese teknisk dokumentasjon for korleis testen skal utførast på den motoren du jobbar med.
Filmen viser korleis vi kan kontrollere innvendig slitasje i dieseldyser:
I denne filmen kan du sjå mellom anna korleis vi kan gå fram for å teste kompressjonen og diesellekkasje frå dyser:
Kjelde: YouTube, The Tool Connection Limited.